top of page
Logo2.png

Billagring Premium

Trygg innandørs lagring i tørre lokale.

Starter 30. sep.
7 500 norske kroner
Skrøppavegen

Tilgjengelige plasser


Tjenestebeskrivelse

Alt frå Standard Pluss, i tillegg til bilcover og profesjonell vask og innvending rens før utlevering.


Kommende økter


Avbestillingsregler

Retningslinjer for innandørs billagring Nordfjord Bilhotell – Reed Senter 1. Føremål. Desse retningslinjene skal sikre trygg, sikker og forsvarleg lagring av køyretøy i Reed Senter, samt skape føreseielege rammer for både kunde og utleigar. 2. Køyretøy som kan lagrast. Personbilar, veteranbilar, sports- og entusiastbilar og klassiske bilar. 3. Krav før innlevering: Rein utvendig Vere fri for vesentlege olje-, drivstoff- eller kjølevæskelekkasjar Ha fungerande parkeringsbrems eller kunne sikrast på annan måte Ha dekk med normalt lufttrykk Leverast med eitt sett nøklar Store lekkasjar kan medføre at bilen blir fjerna frå lokalet - utan at eigar har krav på kompensasjon 4. Drivstoff og batteri Bilen bør settast med moderat drivstoffmengd. Batteriet skal vere forsvarleg montert og i god teknisk stand. Eventuelle hovudstraumbrytarar kan koplast frå etter avtale. 5. Det er ikkje tillate: Å utføre reparasjonar eller service på bilen Å starte motor utan avtale Å lagre laus bensin, diesel eller andre brannfarlege væsker i bilen Å lagre gassbehaldarar eller eksplosive stoff Å oppbevare unødvendige lausøyre eller brennbart materiale i bilen under lagring. 6. Tilkomst Kundar har ikkje fri tilgang til lagringsområdet. Inn- og utlevering skjer etter avtale med Nordfjord Bilhotell. 7. Flytting av køyretøy Nordfjord Bilhotell kan flytte bilen internt dersom dette er nødvendig av omsyn til: - Drift - Vedlikehald - Tryggleik - Beredskap Flytting skjer med nødvendig aktsomheit. 8. Kunden er ansvarleg for: - At opplysningane om bilen er korrekte - At bilen er i forsvarleg teknisk stand ved innlevering - At bilen er forsikra dersom kunden ønskjer dekning utover utleigar sitt ansvar Nordfjord Bilhotell er ansvarleg for å utvise normal aktsomheit ved oppbevaring og eventuell flytting av bilen. Utleigar er ikkje ansvarleg for: - Mekaniske feil som oppstår som følgje av alder eller teknisk tilstand - Sjølvutlading av batteri - Naturlege endringar som følgje av langtidslagring 9. Tryggleik Lokalet er låst og berre autorisert personell har tilgang. Lagringsområdet er utstyrt og drifta i samsvar med gjeldande krav til branntryggleik og orden. Det skal ikkje oppbevarast unødvendig brennbart materiale, og rømningsvegar skal haldast frie. 10. Henting av bil Bilen skal hentast til avtalt tidspunkt. Ved forseinka henting vil lagringspris belastast fram til bilen er henta. 11. Skadar og avvik Skadar eller avvik som blir oppdaga ved innlevering eller utlevering skal dokumenterast snarast.


Kontaktinformasjon

  • Skrøppavegen 2, Breim, Norway

    91827847

    post@nordfjordbilhotell.no


bottom of page