Bestill vinterplassen din
Lagring frå 1. desember, 4 500 kr per bil
Vi tilbyr enkle tilleggstenester for deg som ønskjer litt ekstra oppfølging medan bilen står på vinterlager.
Starter 1. des.
4 500 norske kronerLaster inn tilgjengelighet ...
Laster inn tilgjengelighet ...
Bygd for å halde vinteren ute

Oppvarma lokale
Jamn og tørr lagring gjennom heile vinteren.
Adgangskontroll
Berre dei som skal inn, kjem inn.
Skadedyrkontroll
Held fugl, mus og rotter unna bilen.
Balansert ventilasjon
Luftkvaliteten i hallen blir overvaka.
Brannvarsling
Avansert brannvarslingssystem i lokalet.
Køyreport på 240 cm
Sjekk høgda på bilen før du bestiller.
Klar til sesongstart
Vår samarbeidspartnar på bilpleie er Breim Bilpleie.
Breim Bilpleie tilbyr polering, innvendig rens, lakkbehandling og understellsbehandling av lette køyretøy.
For pristilbod kan du ta kontakt direkte med Breim Bilpleie.
Ofte stilte spørsmål
Når startar sesongen for biloppbevaring?
Lagringa startar 1. desember, og vi held ope til april. Datoane blir tilpassa vêrforholda i Nordfjord, slik at transporten blir trygg.
Er dette sikkert?
Lokalet har adgangskontroll og avansert brannvarsling.
Kan eg få tilgang til bilen under lagringsperiode?
Som hovudregel ikkje, og service på bilen kan ikkje gjerast medan han står lagra. Har du eit prekært behov, kan vi ordne det med varsel i god tid.
Er det vedlikehaldstenester inkludert?
Nei, men vi inspiserer lageret jamleg for å oppdage til dømes luft som lek ut av dekk eller olje- og væskelekkasjar.
Er forsikring inkludert?
Nei. Bilen står på eige ansvar og på di eiga forsikring.


